Viser de nyeste innleggene med etiketten Morgenfugl. Vis eldre innlegg
Viser de nyeste innleggene med etiketten Morgenfugl. Vis eldre innlegg

14.12.09

Morgenfugl på Spotify!


Så er også Morgenfugl ute blant dei store! For dei som måtte ha venta på dette: Morgenfugl er på Spotify! Lenke til plata

Sent from my Sony Ericsson XPERIA™ X1.

1.3.09

Om Morgenfugl

Morgenfugl er basert på musikken og tekstane til Magne Velle. Plata med same namn kom i 2006. 

Platecoveret til MorgenfuglKjøp Morgenfugl-plata på cdonDu kan laste ned Morgenfugl frå musikkonline og mange andre nettstader.

Høyr plata nedanfor på denne sida.

På plata står Dorthe Aske for vokalen, og stilen er visepop med norske tekstar. Ein konsertversjon har sidan 2006 bestått av Torstein Kinn på bass og Anne Marit Fosse Dahle på vokal, og på slutten Tom Andreas Kristensen på trommer. Den siste konserten var på Josefine visescene 3. oktober 2007.

Plata er produsert av Helge og Tarjei Nysted, som også spelar mange av instrumenta på plata. I tillegg medverkar Svein Skulstad (gitar), Tor André Konstali (gitar), Tor Egil Kreken (bass), Torstein Lofthus (trommer), Thomas Hvale (trommer) og Håvard Gryting (koring).

Plata er gitt ut av meg personleg og distribuert av MUDI/Naxos.

Høyr utdrag frå plata:
Dette skreiv Aftenposten om Morgenfugl-plata (terningkast 4):
"Stemningsfull vise-pop som spiller på velkjente toner innen denne etterhvert typiske norske kose-genren. Lavmælte sanger med et skjær av mildhet, hverdagspoesi og lettlikte rytmer. Slik sett kan de minne noe om gruppen Aftenlandet. Hyggefaktoren er med andre ord fremtredende."
(02.05.06, Svein Andersen)

Opptak frå Josefine visescene, Anne Marit Fosse Dahle på vokal:

Demo frå 2007, Anne Marit på vokal:

31.1.09

Bilete av Morgenfugl - konsertversjonen

Desse bileta er frå 2007 og vart tekne av fotograf John Anthony Hughes, som er ein dyktig og hyggeleg engelskmann. Han tok også bileta til platecoveret.

Bileta er tekne i ein park på Tøyen og skulle bidra til å skaffe oss spelejobbar. Det vart ikkje så mange oppdrag. Synd for dei som gikk glipp av oss.

Sjå fotoalbum av Morgenfugl i Picasa Nettalbum.
Biletet nedanfor viser meg (til venstre), Torstein Kinn og Anne Marit Fosse Dahle.